onsdag 30. mars 2011

Stava eit liv



Orda opna seg
og bokstavane song
Eg skreiv dei i grusen
med ein pinne.
Og graset klappa
i hendene.
Eg stava ord
med steinar
og med visne blomar
Eg las dei
framlengs og baklengs,
eg jubla,
vart varm
måtte ta av meg lua.

Heidi

Såpebobler



På sundagsskulefesten
sa dei vaksne
at det var litt dumt
å gi ungane brus,
for brus rant
rett gjennom ungar.
Så rart,
det hadde eg aldri kjent.

Då ei nabojente
sykla på trehjulssykkel
forbi huset til Evy og Lillian
sa mora deira
at den ungen syng på siste verset
slik som ho syklar.

Men eg høyrde ikkje
at ho song
i det heile tatt.

Derimot lærde eg
den dagen
at ein kan blåsa såpebobler
gjennom tome trådsneller.

Heidi

Gatene på Bryne



Eg held mor i handa
me er i gatene
på Bryne.
Mor ber eit stort
mjølkespann
eg ber eit bittelite.

Me skal på meieriet
og kjøpa mjølk
til Eiden
og kjøpa brød.

Dei mel kaffi
på store maskinar
som bråkar
eg stikk fingeren
borti det svarte
kaffipulveret
og slikker på det
når ingen ser.

Små korn
på tunga
beisk kaffismak
tygg når ingen ser.

Prøva nye sandalar
på skobutikken.
Der er ein stor elefant.
Ein kjempestor gyngeelefant.

Mor løftar meg oppå,
men han er for høg.
Eg grin og vil ned.

Etterpå grin eg
og vil opp,
men då er det for seint.

Dei måler foten min
på ei målefjøl
og seier at
eg har høg vrist.

Heidi


Foto: Flickr common

Sykla



I grusen utanfor bestemor sitt hus
sit morfar
han sit aldri lenge om gongen
men nå sit han der
med ryggen mot bærhagen
og brønnen.

Grårutete sommarlue
med trykknapp
til å regulera skuggen
opp eller ned.

Han smiler til meg
som har sommarkjole,
og halvsokkar i sandalane.

Eg skal sitja bakpå
mor sin sykkel.
Eg må halda føtene ut
seier mor
og ikkje få dei i spilene.

Bestemor står i gangen
ungar bak på sykkelen
er farleg,
seier ho.

Eg sprikar med føtene
så godt eg kan.
Metallet på bagasjebrettet
er hardt mot rumpa.

Mor leier sykkelen
opp grusbakken.
Snart
men ikkje heilt endå
skal me sykla.

Heidi

fredag 25. mars 2011

Glansroser og syltelabbar



Eg sit på kjøkkenet.
Det regnar ute.
Regnet silar nedover glaset
slik at det doggar på innsida
Det luktar så trygt her av kaffi og av syltetøy.
Kanskje i kveld skal eg få kakao.
Dei lette og langsame stega til bestemor
kjem på ulltøflar over golve.
Eg ser det blomstrete armeforkleet hennar,
og den litt bøygde nakken
den kvithåra dulten med alle hårnålene.
Ho smiler til meg og eg smiler tilbake.
Tida noko som er her utan å forsvinna.
Ein kan lena seg mot bestemorstida.
I skuffa har ho ein pose me bringebærdrops.
Eg set meg inn i stova, seier bestemor,
så kan du koma akkurat når du vil.
Ho let meg få eiga tida.
Tida er bare mi når eg er hos henne.
Ho skal ingen plass, ho går aldri ut.
Ei bunke gamle vekekeblad frå ei øskje eg har i kjellaren.
Eg les om det vaksne livet og drikk saft.
Bare sei når du har lyst på mat, seier bestemor.
I gardsromet blømer rosespireaen framleis.
Kanskje er det eit og anna stikkelsbær att i bærhagen,
men først må det slutta å regna.
I regn blir ein våt av å gå gjennom hekken.
Eg finn ei saks og klippar ut.
Eg lagar kveitemjølsklister, og klistrar det inn i ei bok.
Ein slags teikneserie om sjølvtillit og tannkrem.
Bileta er ganske fine.
Eg lagar mi eiga teikneseriebok.
Donald og Langbein får selskap
av unge damer i kvite kjolar
med ringar av sjølvtillit kring hovuda sine.
I ei anna bok har eg glansroser
med englar og gutar frå Holland med korger
med tulipanar og tresko på føtene.
På benken står eit lite kjøleskap
med veldig tjukke vegger.
Inni er det hyller.
På ei av dei gøymer morfar syltelabbane sine.
Kalde syltelabbar innepakka i avispapir.
Bestemor orkar ikkje synet
av føter som kjem frå ein levande gris.
Litt av skinnet sit endå fast på dei,
dei er kjøleskapskalde.
Det grøssar i heile meg
når eg vågar meg til
å røra dei med ein finger.

Heidi

Foto: Flickr commons

Rødhette


Det er kjekt å balansera på steingardar.
Nokre av dei største steinane
Ruggar så fint når eg trør på dei
Det kitlar frå skorne mine
Heilt opp i magen
Dei er farlege
Seier bestemor.
Slike som meg kan få dei store steinane over oss
Om dei losnar og ramlar ned.
Bak steingarden
Potetåker med lilla og kvite blomar
Skarpe lukter av potetåker
Potetkål og jord.
Fuglane trekk makkar opp av jorda
Med kvikke bestemte nebb.
Bestemor seier at dei høyrer makkane
Som kryp i den svarte molda.
Sjølv har eg aldri klart å høyra dei
Ikkje ein gong utan lue.
Bak endå ein steingard
Finst det ein skog
I alle fall veks det store tre der
Akkurat som i eventyrboka.
Eg har ikkje slik raud cape
som Rødhette har,
men eg har ei bestemor,
kanskje ho kunne ha sydd ein.
Korg har eg.
Ei korg med små handtak og blomar på.
Oppi den kan eg samla konglar.
Rødhette har ikkje konglar i si korg.
Rødhette ber på saft og kaker.
I den eine eventyrboka mi
står det at ho har vin i korga si.
Det liker ikkje bestemor.
Ho liker ikkje korta med slaktarfamilien
og bryggarfamilien heller.
Så me spelar de løyerlige familier
Utan desse korta.
Bestemor synest ikkje at små jenter
slike som eg og Rødhette
skal bera rundt på vinflasker.
I skogen min er det ingen ulvar,
men heilt sikker kan ein aldri vera.
Viss det hadde vore nokon, var det nok ikkje så farleg
for bestemor kunne ha sett dei frå stoveglaset sitt.
Dei kunne ha sett det frå bilvegen og.
Eg hadde nok ikkje tort å snakka med han,
Eller kanskje likevel.
Eg snakka med den store guten den gongen eg gjekk
Langs bilvegen heilt aleine
Utan lov
og togg på ein tyggis eg hadde plukka opp
frå vegkanten.
Det er bare dei store som tygg tyggis,
For slike som meg kan setja dei i halsen.
Viss eg vil at igjen skal skjøna
Kor liten eg er,
Finn eg meg ein tyggis,
Spyttar ut stein og grus
Og tygg heilt til han blir mjuk.

Heidi

Morfar


Morfar var ein bitteliten mann.
Han var bitteliten og mager,
men eg visste det ikkje.
Ikkje før eg var vaksen og såg det på eit fotografi.
Den gongen såg eg bare morfar.
Morfaren min tok meg med på turar
til det eg trudde var Amerika,
og som seinare viste seg å vera ein stad på Tu.
Du må ikkje lura ungane,
sa bestemor,
Men det glitra litt i auga hennar då ho sa det.
Om kveldane kunne me sjå Esau og Jakob i vindauget
dersom me kikka ut etter at det var blitt mørkt.
Me kikka ut mange gonger,
Og Esau og Jakob såg ut
som ein mann med skjorte og eit barn med kulerunde auge.
Nokre gonger når det var jønsok
gøymde han flasker med eventyrbrus
Bror min og eg leita,
mellom forene på eplestykket
mellom dei store steinane.
Morfar hadde to tenner,
ei tann på kvar side av munnen.
Han song når han var aleine
om Jonas som låg i fiskens buk
Morfar tissa i tomme fiskebolleboksar
når han måtte på do om nettene
og av og Tl hadde han krampar i føtene
så han måtte hoppa rundt på golvet
Morfar laga små runde hol i bestemor sine tyllgardin
Dei smelta rundt sigarettane hans
Fordi han måtte stå så nære kjøkenglaset for å sjå ut.
Morfar røykte Blue Master,
men han fekk ikkje lov inne i stova.
Han hadde eit sår i panna,
men huene hans var slik
at han kunne slå skuggen opp eller ned
og festa med ein knapp.
Morfar laga kjøttkaker om kveldane.
Han fylde opp store gryter fordi me var så mange.
Og sausen var tynn og brun
og smakte salt og kjøt og søndag
om ein fekk lurt ei teskei ned i gryta når ingen såg.
Etterpå pussa han skorne våre
til det lyste av dei,
Og sette dei på avispapir på gangen.
Om morgonane kom han syklande
På den gamle damesykkelen sin med sidetasker.
Han hadde vore på Bryne og kjøpt ferske rundstykke til meg.
Eg smurde dei med kald margarin
og fatast med karve,
eller kanskje med bringebærsyltetøy,
og bestemor lo mot meg medan eg åt.


Heidi

Mørke midt på dagen


Mørke midt på dagen
noko må vera
frykteleg feil.

Me bada
og så vart det mørkt
som om natta.

Me må inn
sa far
og tok på
den våte
badedraktryggen
med ein kald arm
rett frå vatnet.

Våt hud
mot våt hud
og eit grøss
i magen.

Me var mest inne
før himmelen
opna seg .

Tømde
hundretusen bøtter vatn
over oss
som var våte frå før.

Og så blenka lyna
og tora skralla
så Krakanuten buldra og song-

Farmor likte ikkje
torever,
og torever
skal vel ikkje vera slik.

Så gjekk straumen
og me måtte leita
etter lys og fyrstikker.

Me lyte venta litt med fjosen
og sjå om ljoset kjem att,
sa farfar.

Han såg ikkje redd ut.

Heidi

Fiska i Vatsvatnet



Oterfjøla flyt
bak båten
far ror.

Vatnet er kaldt
mot handa mi
som pløyer vatnet
kjøleg, sanseleg
med sprikande fingrar
ikkje skrem fisken
seier bror min.

Fisken i ein plastpose
det vart då nokon
til slutt
eg kvir meg
for å knekka nakkane deira
fingrane inn
i dei stripete raude gjellene.

Vassa med gummistøvlar
Dra båten skikkeleg til land.

På gummistøvlar
opp bakken
til det kvite huset til farmor.

Forbi hesjene
med gult høy
som luktar sterkare
om kvelden.

Over vegen
som mor trur
er farleg.

Forbi stikkrenna
som bror min
forsvann
ned i ein gong
og eg lo
sjølv om det
var det siste eg skulle ha gjort.


Kvelden mørknar
rundt bringebærkrattet
sjølv om det er sommar.

Fjoskleda heng på ein spikar
i bislaget
dodøra til høgre
det er alltid kaldt
å setja seg der
med vindauget
ut mot gardsromet.

Skyla hendene
i den store vasken
den med ausa
der farfar drikk vatn.

Steikjepanne med brunt smør
fisken i salta mjøl
med mykje svart pepar.

Steikja til skinnet knasar
frydefullt mellom tennene
rosafarga kjøt
steikte poteter frå middagen
og saus av sur fløyte.

Eta sjølv om det
er nesten natt nå
og me må tidleg opp
om me skal vera med i fjoset.

Heidi

Heidi

onsdag 23. mars 2011

Juleutstilling


At det gjekk an
å ha krem på kakao
hadde eg
ikkje hatt fantasi
til å tenkja meg,

ikkje før
Aasa Høgemark
serverte det
ein kald kveld
etter juleutstillinga

Mor syntest nok
at kakao og krem
var i overkant
kvar for seg,

men er ein buden
i eit selskap
så tek ein sjansen
og svarar ja.

Det var
berusande,
vidunderleg,
men farleg lett
å brenna tunga,
så det gjorde eg
med det same,

ikkje mange ting
var like kaldt
som juleutstilling
på Ålgård.

Nisse og juletre.
Dei grøne lyktestolpane
dekorerte med små lyspærer
i spiralar
frå topp til rot.

Ålgård musikkorps
og Deilig er jorden
i regnblanda snødrev.

Sverre Høgemark spelte horn
det var nesten litt stort
å nesten kjenna nokon
som kunne spela
eit ekte musikkinstrument

Til slutt
filmframsyning

Hundre opprømde ungar
utanfor
utstillingsvinduet
hos fotografen,

Donaldfilmar,
rett nok utan lyd,
for me var ute,
og filmen var inne.

Me stod der
nokså tålmodige
venta
kvar gong
filmen hang seg opp.

Kan ikkje desse minste
få koma heilt bort
til vinduet?
sa Ingrid Eikeland
og meinte oss.

Dei store snudde seg
med forbausa miner,
som viste
at det
kom dei absolutt ikkje
til å gjera

Eg raudna
til langt ned
i støvlettane,
mi eiga mor
ville aldri
ha drøymt om
å seia noko slikt.

Til slutt.
Donaldfilmen
baklengs

Me lo endå høgare,
og hoppa opp og ned
hadde aldri før
vore så kalde.

Men Donald
gjekk baklengs
og bløtkaka
kom ut av munnen hans
ned på den store tallerkenen.

Før dei sløkte lyset
og alt var over
for i år.

Heidi

Kodlitjødnå


Isen låg der i fleire lag
med kvite bobler
og mørke felt

Eg lærte aldri heilt
å gå på skeiser
vart aldri flink
i alle fall.

Dei kvite skeisene
med pelskant
gjekk eg så skeive
og mjuke i leret
at eg kunne gå
på sida av skeisejarna.

Mine var utan
taggar på tuppen
av stålet
så det var nok derfor
eg aldri
fekk dreisen på
piruettar.

Og aldri trong eg
nye heller,
for dei var kjøpte
for å veksa i
med ullsokkar
og passar kanskje framleis.

Men visst gjekk me på skeiser,
med skeisene knytta saman
og hengande rundt nakken,
med brødskiver med ost,
tørre ullsokkar
og kakao i ranselen
la me i veg
i flokk og fylgje
inn til Kodlitjødnå.

Gutar og jenter
med luer og strekkbukser
i lang rekkje
over gjerdetrappene.

Og det var mange store der og,
som suste over isen
og laga runde med langsider
og sving
og ein gong kom Lars Riise
med stoppeklokke
og det vart alvor i sakene.

Ei stor jente
med skeiser
gjekk nesten ned i spagat
og sa til venninnene sine
At tenk når me skal fø.

Og det gjekk kaldt
nedover ryggen min
og eg fraus frå før,
for eg hadde vore sveitt
og hadde begynt å frysa.

Det mørkna
då me gjekk heim,
og kakaoen
rakk å bli lunka
og laga brune flekker
i snøen då me slo skvetten ut,

I halvmørket var det fint
gå mange saman
tett i tett
og snakka om skumle ting.

Og mor sukka letta ut
då me kom
heile og tørre heim
bæde bror min og eg
og spurde far
om han var sikker på
at isen var sikker
og det var han.

Så opna ho ein boks sardiner
og skar opp halve kneippbrødet.

Heidi

Og Kongo var jo mest som heime




Midt i skulegarden
eit stort grønt
rusta drikkekar
me kunne trykka på hola
for å få spruten høgare

Skuleskogen og skuret
vart mindre skremmande
etterkvart

I skuleskogen
var dei ei maurtue
som mest fekk oss til å gløyma
at me skulle ha me gå inn
så fort klokka ringde
elles fekk me kryss.

Tor Egil var den første
som fekk kryss
og måtte sitja inne
i eit friminutt
fordi han hadde brekt
blyanten
eller var det linjalen
Med vilje.

Viss det då ikkje
var namnelappen
han reiv i to.

Eg grøssa av skam
på hans vegne
endå eg ikkje kjende han,
og bestemde
at kryss
skulle eg aldri få.

Derimot
hadde eg tenkt
å vinna konkurransen
frøken hadde starta
om å bli sistemann
som brakk ei fargestift.

Med min motorikk
og hardhende iver
etter å fargelegga,
var det sjølvsagt dømt
til fort å mislykkast.

Ein dag
hadde Jane med plommer.
Ho delte
Og eg hadde fått
ei ny venninne
Karin med det lange håret
tok eg fylgje med kvar dag
frå fotografen.

Me stod høgtideleg oppstilte
ved pultane
og song:
Alltid freidig når du går,
veier Gud tør kjenne…
og eg lurde på
om Gud midt i alt
var litt redd av seg
sidan han ikkje torde kjenna
alle vegane.

Det hende me sat under pultane
og song:
Nedi jord blant stein og grus
knakk knakk her jeg sitter.

Per Martin sa ikkje så mykje,
men han hadde strikkekofte
og ein eigen sving
med handa når me song
”Ned på flyplassen
ned på flyplassen”
om flyet
"over oss det svinger,
rundt i vide ringer."

Ragnar
fekk ofte koma fram
for å syngja
om
”Tre små sjimpansar
Bingo og Bango og Bongo”
Som budde i ein landsby
”Langt inni jungelen i Kongo.”
Geir Rune var oftast med
det vart ein slags duett,
men Ragnar song høgast.

Og Kongo var jo
mest som heime
for oss frå Ålgård

På sundagsskulen
samla me inn pengar til Kongo.
Når me fylde året
stakk me pengar på ei bøsse
der ein mørkhuda mann
låg på kne
og bukka
og bukka
for kvar tiøring
som kom på
og alle telde høgt
kor gamle me var blitt

”Takk, seie den svarte”
sa tante Anni
og smilte
då pengane var
på plass i bøssa.
Og så sa ho
"Åtta år va u Gro i dag,
gratulera mæ dagen!"

Mørkhuda personar
vart ofte kalla Kongoa
mellom oss ungane.
men såg dei gjorde me aldri.

Bare ein gong
var det ein frå Kongo
på kveldsmøte
i Baptistkyrkja.

Nokon hadde sagt
at folk frå Afrika
var lysare inni hendene
enn elles på kroppen.

Eg prøvde å få svar
på hypotesen
då han handhelste på alle
etter møtet,
Men det var ikkje lett
å få sjå skikkeleg.

Det kribla
i heile kroppen.
Tenk å få ta
ein frå Afrika
i handa.
Han hadde mørk dress.

Men Liv Godin
hadde budd i Kongo.
Ho viste oss film
der ho dirigerte ungane der.
Dei song høgt
og smilte med veldig
kvite tenner.

På filmen hadde
Liv Godin
kvit kjole og hatt
for sola var veldig varm,
og det var viktig
å beskytta hodet.

Det hende ho filma oss og.
Filma i skulegarden
og på gata.

Av og til
fekk me sjå,
fleire klassar om gongen
sitjande på golvet
i musikkromet
eller gymsalen og sjå film.

Dei store gutane
sa namna høgt i kor
når dei
såg kjende på filmen:
Toggy, Skøyten, Vaskasen,
Køyen, Tin…

Nokre gonger
var det fint
å flyta usynleg rundt
ute i skulegarden,
og bare sjå på dei store.

Dei store jentene
Som var nesten vaksne damer
hoppa framleis spring.

"Ulla hang,"
sa dei i kor
då storesyster til Katja,
fekk springen under hælen
på støvletten,
og måtte stå
så ei anna fekk hoppa.

Og eg hadde fått
raude fløyelssko
med snøring.
Eg var
stor skulejente.

Heidi

1.mai





Første mai
var me i Stavanger
med onklane våre,
bror min og eg.

Med gassballongar
og pølser
og høgtidelege
marsjerande menn
i grå sommarfrakkar
og store faner.

”Kamerater, kamerater”
og ”Den er vår, den er vår”
song mannskoret
med dei kvite huvene.

I Bjergsted
var det familiefest,
der ei heldig jente
som var mykje eldre enn meg
fekk stå på ein scene
og synga heilt aleine i mikrofon.

”Pappa kom hem,
för jag längtar efter dig”
sång jenta
i ein sprakande mikrofon.

Etterpå sa mannen
At songen hette
Brevet från Lillan
Endå ho nettopp
hadde sunge
”slik slutar brevet
från din Ellinår”

Onkelen min
Smilte fornøgd
og sa at det var
Evert Taube.

I byen var det små hus
der menn kunne
gå for å tissa.
Dei heitte pissoar,
det var då
eit ganske stygt ord.

Men korleis dei var inni,
fekk eg nok aldri vita.

Heidi

Malaren frå Hidra





Me var ute
i den store verda
fire venninner
gamle nok til å få lov
til å reisa aleine til Sandnes.
...
Der det viste seg
at Malaren frå Hidra
haldt kunstutstilling
og på skikkeleg
kunstutstilling hadde me
viss aldri vore.

Malaren frå Hidra
hadde lang kjole
og breibremma
rosa hatt.

Han samla alle
til foredrag
om malarkunsten.

Og sa at kvar dag
Skulle me betrakta
Kunsten på veggen
heime
og kasta
alt som ikkje gav oss
noko heilt nytt.

Og tenkt
Om me hadde
Kasta og brent opp
svarttjern
og Brudeferden i Hardanger
frå veggane heime.

Ideen fekk oss til å le høgt.

Og sidan me var i den alderen
Stoppa det aldri

Og det var ikkje kvar dag
me møtte ein mann med rosa hatt
med lang kjole, svart langt hår
og dei største øyreringane me hadde sett.

Han var så ivrig
at nasehåra vibrerte.

Han skjøna ikkje
sjølv om han var kunstnar
og sa at viss
me var der for å le av han
kunne me gå med det same.

Me var der ikkje
For å le av han
Men me gjekk likevel

Ut døra
med låtten sprutande
ut av nase munn og øyrer.

Unnskyld, Lars Kristian Gulbrandsen
me fekk ikkje sagt det
i rett tid.

Brogin og eitt og anna tonetroll.



Eg sit her
ser åra
gå og koma
som minutta
i ein dokkefilm.

Medan me
innreier
rom for
rom
i dokkehusa våre
med kommoder
av fyrstikkøskjer
og bord
med trådsnelle
til fot

Som Pernille
Gjorde det på
60-talet
opnar me dørene
for Mr Nelson,
og hjartet
for eit og anna
Tonetroll.

Og visst er det lov
å vera lukkeleg.

Nokre gonger
er livet
vaniljepudding
med jordbær.

Alt er som før
bare at leiken
er det ekte
og einaste livet.

Me trekkjer pusten djupt
veit at Brogin
ein eller annan stad
der ute
framleis leitar
etter den magiske melodien.

Heidi

Ein liten spion på livet.


Petronella
heitte den dokka
i grønt strikkegarn

Farmor
hadde strikka ho,
men mor
fann på namnet.

Ho hadde lange bein
og ullhår og kjole.

Oddvar
rett over gata
hadde ei oppblåsbar
negerdokke
med store ringar
i øyrene
som eg fekk låna
bare eg var forsiktig.

Mor til Svein
var pinsevenn
med dult i nakken .
Det var så fint å vera
på kjøkkenet hennar,
og eg kunne hjelpa Svein,
som var innmeld
i barnas trafikklubb.

Det hende ho sa:
at viss du ikkje
er snill nå,
blir pappa sint
og mamma streng,
men det var til Svein,
og ikkje til meg.

Far til Geir Helge
kom heim i dress ein dag,
Han er viss ikkje heilt grei
han derre Geir,
sa han
men det var
visst mest for tull.

Reidar Svare
hadde sokkar
som lukta sveitte
i det tette innerteltet
i hagen til Per Eikeland .

Den finaste
paraplyen til mor
var syrinfarga
og kom frå Amerika
med tut der spissen var
og fine bølger
ved spilene.
som parasollen
til Sorte lille Sambo.

Men den paraplyen
for ungar
kunne stikka
augene ut med han.

Og Trond Eikeland
hadde badekåpe
han skifta til badebukse.

Me andre
ålte oss inni eit handkle.
og først måtte me bli solbrende,
det var då me vart brune,
og skulle me bli det fort
brukte me spenol.

Tanten til Grete Iren
solte seg i bikini
slik at navlen viste,
og hadde store solbriller.

Sanden knaste
mellom pølsa og pølsebrødet,
eg ein liten spion på livet
samla på inntrykk
og uforståelege ord.

Eg skulle nok forstå dei,
om eg gøymde dei
til eg vart vaksen.

Heidi