fredag 29. april 2011

Påskeleir på Liland


Du er innbydt til bryllup i himlen
Du er ønsket velkomen av Gud
La han rive deg løs i fra vrimlen,
det er du som skal være hans brud

...song me på påskeleiren
då kvelden gjekk over i den alvorlege fasen
med tårer og solosong
om at

I det fjerne jeg skuer et underfullt syn,
som griper mitt hjerte med makt,
ja jeg skuer det gamle ærverdige kors
hvorpå synderes dødsdom ble lagt

og me las bibelvers og vitna
så veggene dirra

men ikkje før underhaldinga var over
med Skillemeidinkeskinkevinke
og Høyt opp under taket små svalene flyr

og gutar i korte jentenattkjolar
med ballongbryst og knallrød lebestift
som spelte sketsjar.

Elles var dagane
kakao til frukosten
som alltid varte lenge
før alle hadde svelgd unna
grovbrødskivene
og laga seg nistemat.

Det var tantar der
med undulatar i bur
og skiturar
før middagen
der dei minst fjellvane
gjekk på ski med termos
og tørre sokkar
i ein plastpose frå samvirkelaget

men kveldane
var det verkelege livet
med bønnemøte og svermeturar nedanfor bommen.

Og brannvakter om nettene
kven visste kva for ein gut
du fekk gå brannvakt med.

Og eta brødskiver med ost
og svart kaffi
direkte frå kjøkkenet
for å halda deg vaken.

Men det hende
nokon sat oppe
sjølv om dei burde sova
fordi det var tida
for å diskutera liv og død.

Og hadde ikkje Olga Skurve
sagt på sundagsskulen
at Jesus gråt blod
i Getsemane
så påsken var ikkje for pyser.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar