fredag 29. april 2011

Orda opna seg


Orda opna seg
og bokstavane song
Eg skreiv dei i grusen
med ein pinne.
Og graset klappa
i hendene.
Eg stava ord
med steinar
og med visne blomar
Eg las dei
framlengs og baklengs,
eg jubla,
vart varm
måtte ta av meg lua.

Heidi

Om brus og såpebobler



På sundagsskulefesten
sa dei vaksne
at det var litt dumt
å gi ungane brus,
for brus rant
rett gjennom ungar.
Så rart,
det hadde eg aldri kjent.

Då ei nabojente
sykla på trehjulssykkel
forbi huset til Evy og Lillian
sa mora deira
at den ungen syng på siste verset
slik som ho syklar.

Men eg høyrde ikkje
at ho song
i det heile tatt.

Derimot lærde eg
den dagen
at ein kan blåsa såpebobler
gjennom tome trådsneller.

Heidi

Påskeleir på Liland


Du er innbydt til bryllup i himlen
Du er ønsket velkomen av Gud
La han rive deg løs i fra vrimlen,
det er du som skal være hans brud

...song me på påskeleiren
då kvelden gjekk over i den alvorlege fasen
med tårer og solosong
om at

I det fjerne jeg skuer et underfullt syn,
som griper mitt hjerte med makt,
ja jeg skuer det gamle ærverdige kors
hvorpå synderes dødsdom ble lagt

og me las bibelvers og vitna
så veggene dirra

men ikkje før underhaldinga var over
med Skillemeidinkeskinkevinke
og Høyt opp under taket små svalene flyr

og gutar i korte jentenattkjolar
med ballongbryst og knallrød lebestift
som spelte sketsjar.

Elles var dagane
kakao til frukosten
som alltid varte lenge
før alle hadde svelgd unna
grovbrødskivene
og laga seg nistemat.

Det var tantar der
med undulatar i bur
og skiturar
før middagen
der dei minst fjellvane
gjekk på ski med termos
og tørre sokkar
i ein plastpose frå samvirkelaget

men kveldane
var det verkelege livet
med bønnemøte og svermeturar nedanfor bommen.

Og brannvakter om nettene
kven visste kva for ein gut
du fekk gå brannvakt med.

Og eta brødskiver med ost
og svart kaffi
direkte frå kjøkkenet
for å halda deg vaken.

Men det hende
nokon sat oppe
sjølv om dei burde sova
fordi det var tida
for å diskutera liv og død.

Og hadde ikkje Olga Skurve
sagt på sundagsskulen
at Jesus gråt blod
i Getsemane
så påsken var ikkje for pyser.

Heidi

onsdag 30. mars 2011

Stava eit liv



Orda opna seg
og bokstavane song
Eg skreiv dei i grusen
med ein pinne.
Og graset klappa
i hendene.
Eg stava ord
med steinar
og med visne blomar
Eg las dei
framlengs og baklengs,
eg jubla,
vart varm
måtte ta av meg lua.

Heidi

Såpebobler



På sundagsskulefesten
sa dei vaksne
at det var litt dumt
å gi ungane brus,
for brus rant
rett gjennom ungar.
Så rart,
det hadde eg aldri kjent.

Då ei nabojente
sykla på trehjulssykkel
forbi huset til Evy og Lillian
sa mora deira
at den ungen syng på siste verset
slik som ho syklar.

Men eg høyrde ikkje
at ho song
i det heile tatt.

Derimot lærde eg
den dagen
at ein kan blåsa såpebobler
gjennom tome trådsneller.

Heidi

Gatene på Bryne



Eg held mor i handa
me er i gatene
på Bryne.
Mor ber eit stort
mjølkespann
eg ber eit bittelite.

Me skal på meieriet
og kjøpa mjølk
til Eiden
og kjøpa brød.

Dei mel kaffi
på store maskinar
som bråkar
eg stikk fingeren
borti det svarte
kaffipulveret
og slikker på det
når ingen ser.

Små korn
på tunga
beisk kaffismak
tygg når ingen ser.

Prøva nye sandalar
på skobutikken.
Der er ein stor elefant.
Ein kjempestor gyngeelefant.

Mor løftar meg oppå,
men han er for høg.
Eg grin og vil ned.

Etterpå grin eg
og vil opp,
men då er det for seint.

Dei måler foten min
på ei målefjøl
og seier at
eg har høg vrist.

Heidi


Foto: Flickr common

Sykla



I grusen utanfor bestemor sitt hus
sit morfar
han sit aldri lenge om gongen
men nå sit han der
med ryggen mot bærhagen
og brønnen.

Grårutete sommarlue
med trykknapp
til å regulera skuggen
opp eller ned.

Han smiler til meg
som har sommarkjole,
og halvsokkar i sandalane.

Eg skal sitja bakpå
mor sin sykkel.
Eg må halda føtene ut
seier mor
og ikkje få dei i spilene.

Bestemor står i gangen
ungar bak på sykkelen
er farleg,
seier ho.

Eg sprikar med føtene
så godt eg kan.
Metallet på bagasjebrettet
er hardt mot rumpa.

Mor leier sykkelen
opp grusbakken.
Snart
men ikkje heilt endå
skal me sykla.

Heidi