onsdag 23. mars 2011

Ein liten spion på livet.


Petronella
heitte den dokka
i grønt strikkegarn

Farmor
hadde strikka ho,
men mor
fann på namnet.

Ho hadde lange bein
og ullhår og kjole.

Oddvar
rett over gata
hadde ei oppblåsbar
negerdokke
med store ringar
i øyrene
som eg fekk låna
bare eg var forsiktig.

Mor til Svein
var pinsevenn
med dult i nakken .
Det var så fint å vera
på kjøkkenet hennar,
og eg kunne hjelpa Svein,
som var innmeld
i barnas trafikklubb.

Det hende ho sa:
at viss du ikkje
er snill nå,
blir pappa sint
og mamma streng,
men det var til Svein,
og ikkje til meg.

Far til Geir Helge
kom heim i dress ein dag,
Han er viss ikkje heilt grei
han derre Geir,
sa han
men det var
visst mest for tull.

Reidar Svare
hadde sokkar
som lukta sveitte
i det tette innerteltet
i hagen til Per Eikeland .

Den finaste
paraplyen til mor
var syrinfarga
og kom frå Amerika
med tut der spissen var
og fine bølger
ved spilene.
som parasollen
til Sorte lille Sambo.

Men den paraplyen
for ungar
kunne stikka
augene ut med han.

Og Trond Eikeland
hadde badekåpe
han skifta til badebukse.

Me andre
ålte oss inni eit handkle.
og først måtte me bli solbrende,
det var då me vart brune,
og skulle me bli det fort
brukte me spenol.

Tanten til Grete Iren
solte seg i bikini
slik at navlen viste,
og hadde store solbriller.

Sanden knaste
mellom pølsa og pølsebrødet,
eg ein liten spion på livet
samla på inntrykk
og uforståelege ord.

Eg skulle nok forstå dei,
om eg gøymde dei
til eg vart vaksen.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar