fredag 25. mars 2011

Fiska i Vatsvatnet



Oterfjøla flyt
bak båten
far ror.

Vatnet er kaldt
mot handa mi
som pløyer vatnet
kjøleg, sanseleg
med sprikande fingrar
ikkje skrem fisken
seier bror min.

Fisken i ein plastpose
det vart då nokon
til slutt
eg kvir meg
for å knekka nakkane deira
fingrane inn
i dei stripete raude gjellene.

Vassa med gummistøvlar
Dra båten skikkeleg til land.

På gummistøvlar
opp bakken
til det kvite huset til farmor.

Forbi hesjene
med gult høy
som luktar sterkare
om kvelden.

Over vegen
som mor trur
er farleg.

Forbi stikkrenna
som bror min
forsvann
ned i ein gong
og eg lo
sjølv om det
var det siste eg skulle ha gjort.


Kvelden mørknar
rundt bringebærkrattet
sjølv om det er sommar.

Fjoskleda heng på ein spikar
i bislaget
dodøra til høgre
det er alltid kaldt
å setja seg der
med vindauget
ut mot gardsromet.

Skyla hendene
i den store vasken
den med ausa
der farfar drikk vatn.

Steikjepanne med brunt smør
fisken i salta mjøl
med mykje svart pepar.

Steikja til skinnet knasar
frydefullt mellom tennene
rosafarga kjøt
steikte poteter frå middagen
og saus av sur fløyte.

Eta sjølv om det
er nesten natt nå
og me må tidleg opp
om me skal vera med i fjoset.

Heidi

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar