onsdag 23. mars 2011

Juleutstilling


At det gjekk an
å ha krem på kakao
hadde eg
ikkje hatt fantasi
til å tenkja meg,

ikkje før
Aasa Høgemark
serverte det
ein kald kveld
etter juleutstillinga

Mor syntest nok
at kakao og krem
var i overkant
kvar for seg,

men er ein buden
i eit selskap
så tek ein sjansen
og svarar ja.

Det var
berusande,
vidunderleg,
men farleg lett
å brenna tunga,
så det gjorde eg
med det same,

ikkje mange ting
var like kaldt
som juleutstilling
på Ålgård.

Nisse og juletre.
Dei grøne lyktestolpane
dekorerte med små lyspærer
i spiralar
frå topp til rot.

Ålgård musikkorps
og Deilig er jorden
i regnblanda snødrev.

Sverre Høgemark spelte horn
det var nesten litt stort
å nesten kjenna nokon
som kunne spela
eit ekte musikkinstrument

Til slutt
filmframsyning

Hundre opprømde ungar
utanfor
utstillingsvinduet
hos fotografen,

Donaldfilmar,
rett nok utan lyd,
for me var ute,
og filmen var inne.

Me stod der
nokså tålmodige
venta
kvar gong
filmen hang seg opp.

Kan ikkje desse minste
få koma heilt bort
til vinduet?
sa Ingrid Eikeland
og meinte oss.

Dei store snudde seg
med forbausa miner,
som viste
at det
kom dei absolutt ikkje
til å gjera

Eg raudna
til langt ned
i støvlettane,
mi eiga mor
ville aldri
ha drøymt om
å seia noko slikt.

Til slutt.
Donaldfilmen
baklengs

Me lo endå høgare,
og hoppa opp og ned
hadde aldri før
vore så kalde.

Men Donald
gjekk baklengs
og bløtkaka
kom ut av munnen hans
ned på den store tallerkenen.

Før dei sløkte lyset
og alt var over
for i år.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar