onsdag 23. mars 2011

Og Kongo var jo mest som heime




Midt i skulegarden
eit stort grønt
rusta drikkekar
me kunne trykka på hola
for å få spruten høgare

Skuleskogen og skuret
vart mindre skremmande
etterkvart

I skuleskogen
var dei ei maurtue
som mest fekk oss til å gløyma
at me skulle ha me gå inn
så fort klokka ringde
elles fekk me kryss.

Tor Egil var den første
som fekk kryss
og måtte sitja inne
i eit friminutt
fordi han hadde brekt
blyanten
eller var det linjalen
Med vilje.

Viss det då ikkje
var namnelappen
han reiv i to.

Eg grøssa av skam
på hans vegne
endå eg ikkje kjende han,
og bestemde
at kryss
skulle eg aldri få.

Derimot
hadde eg tenkt
å vinna konkurransen
frøken hadde starta
om å bli sistemann
som brakk ei fargestift.

Med min motorikk
og hardhende iver
etter å fargelegga,
var det sjølvsagt dømt
til fort å mislykkast.

Ein dag
hadde Jane med plommer.
Ho delte
Og eg hadde fått
ei ny venninne
Karin med det lange håret
tok eg fylgje med kvar dag
frå fotografen.

Me stod høgtideleg oppstilte
ved pultane
og song:
Alltid freidig når du går,
veier Gud tør kjenne…
og eg lurde på
om Gud midt i alt
var litt redd av seg
sidan han ikkje torde kjenna
alle vegane.

Det hende me sat under pultane
og song:
Nedi jord blant stein og grus
knakk knakk her jeg sitter.

Per Martin sa ikkje så mykje,
men han hadde strikkekofte
og ein eigen sving
med handa når me song
”Ned på flyplassen
ned på flyplassen”
om flyet
"over oss det svinger,
rundt i vide ringer."

Ragnar
fekk ofte koma fram
for å syngja
om
”Tre små sjimpansar
Bingo og Bango og Bongo”
Som budde i ein landsby
”Langt inni jungelen i Kongo.”
Geir Rune var oftast med
det vart ein slags duett,
men Ragnar song høgast.

Og Kongo var jo
mest som heime
for oss frå Ålgård

På sundagsskulen
samla me inn pengar til Kongo.
Når me fylde året
stakk me pengar på ei bøsse
der ein mørkhuda mann
låg på kne
og bukka
og bukka
for kvar tiøring
som kom på
og alle telde høgt
kor gamle me var blitt

”Takk, seie den svarte”
sa tante Anni
og smilte
då pengane var
på plass i bøssa.
Og så sa ho
"Åtta år va u Gro i dag,
gratulera mæ dagen!"

Mørkhuda personar
vart ofte kalla Kongoa
mellom oss ungane.
men såg dei gjorde me aldri.

Bare ein gong
var det ein frå Kongo
på kveldsmøte
i Baptistkyrkja.

Nokon hadde sagt
at folk frå Afrika
var lysare inni hendene
enn elles på kroppen.

Eg prøvde å få svar
på hypotesen
då han handhelste på alle
etter møtet,
Men det var ikkje lett
å få sjå skikkeleg.

Det kribla
i heile kroppen.
Tenk å få ta
ein frå Afrika
i handa.
Han hadde mørk dress.

Men Liv Godin
hadde budd i Kongo.
Ho viste oss film
der ho dirigerte ungane der.
Dei song høgt
og smilte med veldig
kvite tenner.

På filmen hadde
Liv Godin
kvit kjole og hatt
for sola var veldig varm,
og det var viktig
å beskytta hodet.

Det hende ho filma oss og.
Filma i skulegarden
og på gata.

Av og til
fekk me sjå,
fleire klassar om gongen
sitjande på golvet
i musikkromet
eller gymsalen og sjå film.

Dei store gutane
sa namna høgt i kor
når dei
såg kjende på filmen:
Toggy, Skøyten, Vaskasen,
Køyen, Tin…

Nokre gonger
var det fint
å flyta usynleg rundt
ute i skulegarden,
og bare sjå på dei store.

Dei store jentene
Som var nesten vaksne damer
hoppa framleis spring.

"Ulla hang,"
sa dei i kor
då storesyster til Katja,
fekk springen under hælen
på støvletten,
og måtte stå
så ei anna fekk hoppa.

Og eg hadde fått
raude fløyelssko
med snøring.
Eg var
stor skulejente.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar