onsdag 23. mars 2011

Kodlitjødnå


Isen låg der i fleire lag
med kvite bobler
og mørke felt

Eg lærte aldri heilt
å gå på skeiser
vart aldri flink
i alle fall.

Dei kvite skeisene
med pelskant
gjekk eg så skeive
og mjuke i leret
at eg kunne gå
på sida av skeisejarna.

Mine var utan
taggar på tuppen
av stålet
så det var nok derfor
eg aldri
fekk dreisen på
piruettar.

Og aldri trong eg
nye heller,
for dei var kjøpte
for å veksa i
med ullsokkar
og passar kanskje framleis.

Men visst gjekk me på skeiser,
med skeisene knytta saman
og hengande rundt nakken,
med brødskiver med ost,
tørre ullsokkar
og kakao i ranselen
la me i veg
i flokk og fylgje
inn til Kodlitjødnå.

Gutar og jenter
med luer og strekkbukser
i lang rekkje
over gjerdetrappene.

Og det var mange store der og,
som suste over isen
og laga runde med langsider
og sving
og ein gong kom Lars Riise
med stoppeklokke
og det vart alvor i sakene.

Ei stor jente
med skeiser
gjekk nesten ned i spagat
og sa til venninnene sine
At tenk når me skal fø.

Og det gjekk kaldt
nedover ryggen min
og eg fraus frå før,
for eg hadde vore sveitt
og hadde begynt å frysa.

Det mørkna
då me gjekk heim,
og kakaoen
rakk å bli lunka
og laga brune flekker
i snøen då me slo skvetten ut,

I halvmørket var det fint
gå mange saman
tett i tett
og snakka om skumle ting.

Og mor sukka letta ut
då me kom
heile og tørre heim
bæde bror min og eg
og spurde far
om han var sikker på
at isen var sikker
og det var han.

Så opna ho ein boks sardiner
og skar opp halve kneippbrødet.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar