fredag 25. mars 2011

Rødhette


Det er kjekt å balansera på steingardar.
Nokre av dei største steinane
Ruggar så fint når eg trør på dei
Det kitlar frå skorne mine
Heilt opp i magen
Dei er farlege
Seier bestemor.
Slike som meg kan få dei store steinane over oss
Om dei losnar og ramlar ned.
Bak steingarden
Potetåker med lilla og kvite blomar
Skarpe lukter av potetåker
Potetkål og jord.
Fuglane trekk makkar opp av jorda
Med kvikke bestemte nebb.
Bestemor seier at dei høyrer makkane
Som kryp i den svarte molda.
Sjølv har eg aldri klart å høyra dei
Ikkje ein gong utan lue.
Bak endå ein steingard
Finst det ein skog
I alle fall veks det store tre der
Akkurat som i eventyrboka.
Eg har ikkje slik raud cape
som Rødhette har,
men eg har ei bestemor,
kanskje ho kunne ha sydd ein.
Korg har eg.
Ei korg med små handtak og blomar på.
Oppi den kan eg samla konglar.
Rødhette har ikkje konglar i si korg.
Rødhette ber på saft og kaker.
I den eine eventyrboka mi
står det at ho har vin i korga si.
Det liker ikkje bestemor.
Ho liker ikkje korta med slaktarfamilien
og bryggarfamilien heller.
Så me spelar de løyerlige familier
Utan desse korta.
Bestemor synest ikkje at små jenter
slike som eg og Rødhette
skal bera rundt på vinflasker.
I skogen min er det ingen ulvar,
men heilt sikker kan ein aldri vera.
Viss det hadde vore nokon, var det nok ikkje så farleg
for bestemor kunne ha sett dei frå stoveglaset sitt.
Dei kunne ha sett det frå bilvegen og.
Eg hadde nok ikkje tort å snakka med han,
Eller kanskje likevel.
Eg snakka med den store guten den gongen eg gjekk
Langs bilvegen heilt aleine
Utan lov
og togg på ein tyggis eg hadde plukka opp
frå vegkanten.
Det er bare dei store som tygg tyggis,
For slike som meg kan setja dei i halsen.
Viss eg vil at igjen skal skjøna
Kor liten eg er,
Finn eg meg ein tyggis,
Spyttar ut stein og grus
Og tygg heilt til han blir mjuk.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar