onsdag 23. mars 2011

Malaren frå Hidra





Me var ute
i den store verda
fire venninner
gamle nok til å få lov
til å reisa aleine til Sandnes.
...
Der det viste seg
at Malaren frå Hidra
haldt kunstutstilling
og på skikkeleg
kunstutstilling hadde me
viss aldri vore.

Malaren frå Hidra
hadde lang kjole
og breibremma
rosa hatt.

Han samla alle
til foredrag
om malarkunsten.

Og sa at kvar dag
Skulle me betrakta
Kunsten på veggen
heime
og kasta
alt som ikkje gav oss
noko heilt nytt.

Og tenkt
Om me hadde
Kasta og brent opp
svarttjern
og Brudeferden i Hardanger
frå veggane heime.

Ideen fekk oss til å le høgt.

Og sidan me var i den alderen
Stoppa det aldri

Og det var ikkje kvar dag
me møtte ein mann med rosa hatt
med lang kjole, svart langt hår
og dei største øyreringane me hadde sett.

Han var så ivrig
at nasehåra vibrerte.

Han skjøna ikkje
sjølv om han var kunstnar
og sa at viss
me var der for å le av han
kunne me gå med det same.

Me var der ikkje
For å le av han
Men me gjekk likevel

Ut døra
med låtten sprutande
ut av nase munn og øyrer.

Unnskyld, Lars Kristian Gulbrandsen
me fekk ikkje sagt det
i rett tid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar