fredag 25. mars 2011

Morfar


Morfar var ein bitteliten mann.
Han var bitteliten og mager,
men eg visste det ikkje.
Ikkje før eg var vaksen og såg det på eit fotografi.
Den gongen såg eg bare morfar.
Morfaren min tok meg med på turar
til det eg trudde var Amerika,
og som seinare viste seg å vera ein stad på Tu.
Du må ikkje lura ungane,
sa bestemor,
Men det glitra litt i auga hennar då ho sa det.
Om kveldane kunne me sjå Esau og Jakob i vindauget
dersom me kikka ut etter at det var blitt mørkt.
Me kikka ut mange gonger,
Og Esau og Jakob såg ut
som ein mann med skjorte og eit barn med kulerunde auge.
Nokre gonger når det var jønsok
gøymde han flasker med eventyrbrus
Bror min og eg leita,
mellom forene på eplestykket
mellom dei store steinane.
Morfar hadde to tenner,
ei tann på kvar side av munnen.
Han song når han var aleine
om Jonas som låg i fiskens buk
Morfar tissa i tomme fiskebolleboksar
når han måtte på do om nettene
og av og Tl hadde han krampar i føtene
så han måtte hoppa rundt på golvet
Morfar laga små runde hol i bestemor sine tyllgardin
Dei smelta rundt sigarettane hans
Fordi han måtte stå så nære kjøkenglaset for å sjå ut.
Morfar røykte Blue Master,
men han fekk ikkje lov inne i stova.
Han hadde eit sår i panna,
men huene hans var slik
at han kunne slå skuggen opp eller ned
og festa med ein knapp.
Morfar laga kjøttkaker om kveldane.
Han fylde opp store gryter fordi me var så mange.
Og sausen var tynn og brun
og smakte salt og kjøt og søndag
om ein fekk lurt ei teskei ned i gryta når ingen såg.
Etterpå pussa han skorne våre
til det lyste av dei,
Og sette dei på avispapir på gangen.
Om morgonane kom han syklande
På den gamle damesykkelen sin med sidetasker.
Han hadde vore på Bryne og kjøpt ferske rundstykke til meg.
Eg smurde dei med kald margarin
og fatast med karve,
eller kanskje med bringebærsyltetøy,
og bestemor lo mot meg medan eg åt.


Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar